Utdanning gir eit lengre liv

Eit femtitals tilsette og politikarar frå Randaberg kommune deltok fredag på frokostmøte på Tungenes fyr. Her vart dei servert både velsmakande rundstykker og foredrag om sosial ulikskap i helse.

Innhold

    Espen Dahl- Dei som tar høgare utdanning, har best helse og lever lengst av alle, sa professor Espen Dahl (biletet til høgre) frå Høgskolen i Oslo og Akershus til deltakarane.

    Espen Dahl har leia ei ekspertgruppe som står bak rapporten «Sosial ulikhet i helse: En norsk kunnskapsoversikt», laga for Helsedirektoratet.

    Samfunnsproblem
    Espen Dahl meiner det store fråfallet blant elevar i vidaregåande skule, er eit av dei største samfunnsproblem i dag.

    - Elevar som fell utanfor og ikkje fullfører vidaregåande utdanning, har lettare for å falle heilt ut av arbeidslivet og frå andre viktige arenaer i samfunnet. Langtidskonsekvensane er alvorlege, og dersom dette skjer i stort omfang vil det vere eit problem for berekrafta til det norske samfunnet, seier han.

    Sjå intervju med Espen Dahl her:

    Kommunane er viktige
    Fleire studier viser at dei med høg utdanning og høg inntekt har betre helse enn dei som er lengre nede på den sosio-økonomiske skalaen.

    - Kommunane leverer ulike tenester til innbyggarane, og gjennom dette spelar dei ei nøkkelrolle i å hjelpe folk ut av problem. Kommunane er også viktige for å forebygge ulikskap i helse, både på kort og lang sikt.

    Espen Dahl sin presentasjon kan du sjå her. (pdf)

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?