Torget blir pynta

Det har blitt tradisjon at skuleelevar, medlemmar frå bondelaget og tilsette i Randaberg kommune kvar vår pyntar torget i sentrum med fargesterke plantar og spiselege vekstar.

Innhold

    Det er åttande året på rad at tradisjonen med å gjere Randaberg sentrum vakkert og spiseleg blir halden i hevd, og alle år i samarbeid mellom parkavdelinga i kommunen, skulane og bondelaget i bygda. Onsdag var det ny dugnad for å gjere torget i sentrum vakkert.

    Sjå bilete frå utplantinga her:

    Illustrasjon

    På grunn av nedskjeringar i budsjettet dette året, var omfanget av blomer, salater og urter som vart planta ut noko redusert. I år er det satt av 150 000 kroner til utplanting på torget, ei halvering frå tidlegare år.

    Og dette året, som tidlegare år, har Einar Hanasand og Frøvoll gard på Todnem gjeve gratis salat- og urteplanter til å pynte på torget.

    - Det som er mest spanande no er samarbeidet vi har med skulane. I forkant av utplantinga har elevar frå skulane hatt undervisning på gard, for å lære meir om korleis plantene blir til, korleis ein skal stelle dei og kva dei kan nyttast til, seier Helge Todnem frå bondelaget i Randaberg.

    - Ofte kjenner ikkje skuleelevane i dag til korleis plantene blir til. Mange trur nok at dei kjem frå Mega alle saman. Det er difor flott at vi har fått til det samarbeidet vi har, mellom Randaberg bondelag og grunnskulane i kommunen.   

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?