Ti turpostkasser er satt ut

Alle som liker å gå seg ein tur, enten på eiga hand eller saman med nokon, kan no vitje ti turmålspostar i Randaberg - og samstundes skrive seg inn i bøkene som ligg i turpostkassene.

Innhold

    Folkehelsekoordinator Anne GrødemRegistreringa av turane er eit nytt tilbod, som Randaberg kommune prøver ut for første gong denne sommaren.

    - Dei ti turpostkassene er plassert ut på ulike stadar i kommunen, langsmed dei ti nærturane vi i fjor etablerte i samarbeid med Stavanger Turistforening, seier folkehelsekoordinator Anne Grødem i Randaberg kommune (biletet over).

    10 turpostkasser - frå 10. juli til 10. september: I kvar av postkassene ligg bok og penn. Kvar gong du passerer ein av postkassene, skriv du dato for turen pluss ditt eige namn og telefonnummer.
    Turpostkassene vil vere ute frå 10. juli til 10. september. Etter at turpostkassene er samla inn, trekker vi ut premier blant turgåarane som har registrert seg. Premieutdelinga blir på Haustmarken i Randaberg, laurdag 26. september.

    NB: Kontakt servicetorget, kommunehuset, tlf. 51 41 41 00,
    dersom det er manglar ved postkassene.

    Registrer turen din
    - Er du på tur ein av desse ti stadene, so er det berre å skrive seg inn i boka kvar gong du er der.

    - Kassene er grønne med tekst og er lett å oppdage, seier Anne Grødem, som kan fortelle at ein av hovudgrunnane til at ein har igangsatt tiltaket, er for å stimulere innbyggarar - og andre - til å oppsøke lokale turmål og bli enno betre kjent i eiga kommune.

    - Seks av dei ti turpostkassene er satt ut på stadar som eignar seg for alle, også for dei med barnevogn eller med rullestol, medan dei andre fire kassene ikkje er oppnåeleg for andre enn dei til fots, avsluttar Anne Grødem.

    Turpostkassene er plassert her:
    1) Tungenes fyr
    2) Randabergbukta
    3) Randabergfjellet
    4) Todnembakken, bergkunst
    5) Harestadmyra naturpark
    6) Breivika, Vistnestunet
    7) Grøderøysa
    8) Hålandsvatnet
    9) Ryggstranden
    10) Varen 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?