Status for kommunereforma

Fylkesmannen vil ha fortgang i reformarbeidet ute i kommunane.

Innhold

    - Framleis er kommunane i Rogaland i ein prosess med utgreiingar, og det er gjort ein del vedtak om formell naboprat. No hastar det med å ta saka vidare til endeleg vedtak innan 1. juli 2016, meiner prosessrettleiar Anfinn Rosnes hjå Fylkesmannen i Rogaland.

    - Vi legg til grunn at alle kommunar tek ein naboprat og involverer innbyggarane før det blir teke endeleg standpunkt i saka, og at dette blir gjort innan fristen. Det er også viktig at innbyggarane har konkrete alternativ å ta stilling til, seier Anfinn Rosnes.

    Inviterer til storsamling
    Fylkesmannen har invitert til storsamling om reforma den 28. oktober i Stavanger. Ei viktig målgruppe her er ny politisk leiing i kommunane, samt administrativ leiing.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?