Søndagsopne garasjer

19. april inviterer vi deg som bor i Randaberg til å opne garasjen og bli kvitt det du ikkje lenger treng. Du får tømt boden, rydda i skapet og kan ynskje våren velkomen.

Innhold

    Søndagsopne garasjer var opphaveleg eit initiativ som kom frå Stavanger kommune, for å gjere gjenbruk so enkelt som mogeleg. Garasjane vart opna for første gong i 2013, arrangementet vart ein suksess og fleire kommunar meldte si interesse.

    Er du på jakt etter eit brukt barnesete, ein rimeleg sykkel eller gamle Figgjokoppar? Ta deg ein søndagstur. Dette er ein fin dag å gjere eit bruktkupp på.

    Garasjesal i Randaberg
    På nettstaden apengarasje.no er det registrert to garasjesal i Randaberg søndag 19. april. Det eine garasjesalet er hjå Eli Svanhild Riska Thorsen i Endrestøveien 6, medan det andre er i Grødem barnehage, Turkisveien 1. Begge garasjesala er opne frå kl. 12 til 16.

    Les meir om garasjesal her - eller sett din eigen garasje på kartet.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?