Samarbeid om kommunereforma

Under møtet i Jærrådet torsdag vart kommunane Gjesdal, Hå, Klepp, Randaberg, Time, Sola, Sandnes og Stavanger samde om å greia ut kommunereforma saman.

Innhold

    Jærrådet er samansett av kommunane Gjesdal, Hå, Klepp, Time og Sandnes.

    Framdriftsplan
    Her er framdriftsplan for utgreiinga av kommunereforma
    .

    Først skal utgreiingsarbeidet gjerast, noko kommunane er pålagt å gjennomføre av depratementet og fylkesmannen, deretter vil tida vise kva som blir konklusjonen på dette arbeidet.

    Jærrådet skal vere sekretariat for utgreiinga. Styringsgruppa er samansett av ordførarane og opposisjonsleiarane fra dei åtte kommunane. Leiaren av Jærrådet, og ordføraren i Time, Reinert Kverneland, skal leie styringsgruppa.

    Kommunane sine utgreiingar og vedtak om kommunestruktur skal vere klare innan sommaren 2016.

    Kommunane vil også etablere ei felles nettside om kommunereforma, som skal lanserast i februar. Her skal innbyggarane finne informasjon om kommunereforma nasjonalt, regionalt og i sin kommune.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?