Rapport frå to byggeprosjekt

Forvaltningsrevisjon av byggeprosjekta Landsbyhuset og svømmehallen (Randaberghallen) er ferdig. Kontrollutvalet i kommunen gjennomgår rapporten i sitt neste møte 3. februar.

Innhold

    Det var i juni i fjor kontrollutvalet i kommunen bad Rogaland Revisjon om å undersøke nærare byggeprosjekta Landsbyhuset og svømmehallen (Randaberghallen). Formålet var «å få belyst alle sider av saken, slik at man kan forbedre kommunens gjennomføringsevne i framtiden».

    I samband med dette er det utarbeida ein rapport, som bygg på intervju og gjennomgang av dokument.

    Revisor har sett nærare på:
    1. Korleis kommunen si prosjektstyring har vore ved dei to byggeprosjekta.
        a. Tilbodsprosessen.
        b. Økonomisk oppfylgjing og rapportering.
        c. Årsaker til overskridingar og feil ved byggeprosjekta.
        d. Eventuelle problem ved framdrifta.
        e. Bygge- og prosjektleiinga si rolle.
        f. Kommunen sin kapasitet og kompetanse.
    2. Kva for endringer kommunen bør foreta for å betre prosjektstyringa ved slike byggeprosjekt?

    - Kompliserte byggeprosjekt
    - Svømmehallen og Landsbyhuset var kompliserte byggeprosjekt, både sjølve arbeida og den usikre framdrifta og økonomien. Marginane og reservane i svømmehall-prosjektet var svært små, medan den lange byggetida på Landsbyhuset skuldast mange feil og manglar undervegs, skriv revisoren i sin rapport.

    Fleire skifte i leiinga
    Revisor peikar på at byggekomiteen burde vore tidlegare inne i prosjektet, samstundes med at det undervegs har vore fleire skifte av bygge- og prosjektleiarar.

    - Ein periode var dette kommunen sine eigne bygge- og prosjektleiarar, og ein periode var det to byggeleiarar, noko som skapte uklare roller. Eit anna uheldig omstende var at prosjekterande ikkje var til stades på alle byggemøta, fordi det vart for kostbart for kommunen å dekke reisene frå Bergen.

    Manglar klare reglar
    Kommunen har allereie satt i gang arbeidet med å gjere endringer i samband med styring av byggeprosjekt, både ved å bruke gjennomføringsplan og ved å utvikle retningsliner for liknande prosjekt.

    Revisor påpeiker likevel at gjennomføringsplanen manglar klare reglar for politisk handsaming av byggeprosjekt og risikovurdering. I tillegg mangler det ein definisjon på kva som er inkludert i store byggeprosjekt, samstundes som kommunen ikkje har instruks for bygge- og prosjektleiarar (interne og eksterne).

    Revisor tilrår dette:
    • Eksakte reglar for når byggeprosjekt skal opp til politisk handsaming ved avvik (kva, når, beløpsgrenser osv).
    • Inkludere risikovurderingar, vurderingar av entrepriseformer og tilskots- og refusjonsvurderingar i gjennomføringsplanen.
    • Klarare definisjon av kva som ligg i store byggeprosjekt.
    • Utarbeide instruks for bygge- og prosjektleiar.
    • Kommunen bør ikkje ha utval der det er ei blanding av politisk og administrativ deltaking.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?