Randabergboka 2014

"Serumekspressen" av forfattaren Geir Svardal er kåra til "Randabergboka 2014".

Innhold

    Eldbjørg Pedersen (t.v.) og Kirsten KolnesDet er alle femteklassingane i kommunen som har lest og stemt fram Randabergboka, blant ni kandidatar av bøker frå 2013 og 2014.

    Torsdag var elevane samla i biblioteket ved Harestad skule for kåring og premieutdeling.

    Kåringa vart leia av skulebibliotekarane Eldbjørg Pedersen (biletet over t.v.) frå Harestad skule og Kirsten Kolnes frå Grødem skule.

    "Serumekspressen"
    Ti år gamle Selma blir bitt av ein mink. Såret utvikler seg til ein livstrugande infeksjon. Eit serum i Oslo er einaste håp. Men vinterstormen har råka Sør-Noreg, og gjer det umogeleg å frakte det opp. Selma har berre timar igjen å leve, då den unge rallykøyraren Marcus Krog melder seg. Han vil prøve å køyre serumet opp i rallybilen. Mykje kan gå galt. Og går galt. "Serumekspressen" er tufta på ei sann historie frå 1964.

    I tillegg til kåring av beste bok, fekk klasse 5A ved Grødem skule premie for å ha lest mest bøker i fjoråret, 1344 sider per elev.

    For denne imponerande leselysta fekk Grødem-elevane diplom til å henge opp på veggen i klassa, gåvekort frå ein bokhandlar og vil seinare bli invitert til Randaberg folkebibliotek for bokprat og ein matbit. 

    Under kåringa av Randabergboka 2014 deltok også fortellar Liv Brita Brodal. Ho fortalde to historier; om ein uheldig gut og om tre brødre som ville kapre same prinsessa.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?