Randaberg - no også som symfoni

Komponist og musikar Filip Sande (45), født og oppvokst i Trondheim, men med ætt frå Randaberg, har dedikert sin nyaste symfoni til Randaberg.

Innhold

    18. april i år publiserte Filip Sande sin nye symfoni, Symfoni nr. 10, "Randaberg", opus 129, på YouTube. (Klikk på biletet under for å høyre verket, 23:22 min).

    Filip SandeHyllest til bygda
    - I barndomen var eg fleire somrar i Randaberg og på Sande, der faren min, Erling, kjem i frå. Det er desse flotte barndomsminna som har gjort at eg fekk trong til å skrive denne symfonien. Symfonien "Randaberg" er soleis ein stor hyllest til bygda Randaberg, fortel Filip Sande.

    Allsidig kunstnar
    Filip Sande, som i dag bur på Nesodden, er født i 1970 i Trondheim. Han starta tidleg å komponere, og har studert komposisjon ved musikkhøgskulen i Noreg. Produksjonen er omfattane. Den tel over 131 verk for ulike instrumental- og vokalensembler. Filip Sande arbeider som musikar, arrangør, dirigent, repetitør og diktar, i tillegg til å ha skrive musikk til ulike teaterforestillingar. I 2014 mottok han Nesodden kommune sin kulturpris.

    Filip Sande har eit mål med symfonien: - Eg vonar at symfonien ein dag kan bli framført i Randaberg.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?