Nr. 24 i "Kommune-NM"

Randaberg er nr. 24 i NHO si kåring av dei 428 kommunane i landet.

Innhold

    Kvart år sidan 2006 har Næringslivet sin hovudorganisasjon (NHO) kåra ein vinnar av rangeringa Kommune-NM. Kåringa er basert på ei måling av attraktivitet og vekstkraft i norske kommunar, utifrå 22 ulike indikatorer knytta til arbeidsmarknad, demografi, kompetanse, lokal attraktivitet og kommuneøkonomi.

    Som i fjor gjekk Sola kommune til topps i NHO si kåring, Kommune-NM, tett fulgt av Bærum (nr. 2), Stavanger (nr. 3 ) og Asker (nr. 4).

    Fleire kommunar frå Rogaland gjer det skarpt i denne "konkurransen". Både Sandnes (nr. 7), Klepp (16), Time (19), Randaberg (24), Haugesund (25), Gjesdal (32), Tysvær (41), Vindafjord (45) og Hå (48) er blant dei femti beste kommunane i landet i kåringa.

    Randaberg kommune si plassering i år er 4 plassar høgare enn i fjor (nr. 28) og 27 plassar høgare enn for to år sidan (nr. 51 i 2012). 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?