Møte om auka busetjing av flyktningar
Innhold
| Vedtaket i Randaberg inneber ein auke i mottaket frå 25 til 48 flyktningar i 2015 og frå 28 til 40 i 2016. |
Seniorrådgjevar Ragnhild Aasvang frå IMDi Vest (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) kunne fortelle at 5 364 personer i dag sit på mottak rundt om i landet, klar til å flytte til ein kommune. - Av desse har kun 1 948 personer vedtak om kommuneplass, medan 3 416 ikkje veit kva for kommune dei skal til. Dei fleste av desse kjem frå Syria, seier ho.
- Viktig, tverrfagleg oppgåve
- Busetting og integrering av flyktningar er ei svært viktig og tverrfagleg oppgåve for kommunen. Mange tenesteområder og avdelingar treng å inkludere auka busetting i sine planer og budsjett for 2016, seier Nav-leiar Kel Tighe. For å gje kommunen sine mange avdelingar hjelp i dette arbeidet, inviterte Nav til informasjonsmøte onsdag. Omlag 30 fagpersonar deltok.
|
|
Appell og takk frå Amnesty
John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International Norge, kom - via video - med ein takk til Randaberg kommune for å vere snøgt på banen i høve til mottak av nye flyktningar.
- Amnesty har i lang tid drive kampanje for å få fleire flyktningar frå Syria til Noreg. For å få til dette, må kommunane vere med på ein dugnad. Randaberg kommune svarte raskt til å hente 20 fleire flyktningar og eg vil takke Randaberg kommune for dette vedtaket, seier generalsekretær John Peder Egenæs i sin video-appell (sjå over).
|
|
- Arbeid er viktig for ei vellukka integrering
Ragnhild Aasvang og Inger Bjørgo Hustvedt, seniorrådgjevarar frå IMDi Vest, orienterte om situasjonen for flyktningane i landet, om kva behov for tenester flyktningane har i kommunane, om kommunen sine pliktar ved busetting og om ulike tilskotsordningar.
- For å få til ei vellukka integrering av flyktningar i kommunen bør fylgjande vere til stades: God norskopplæring (språket er viktig for integreringa), kvalifisering (introduksjonsprogrammet gjev resultat), arbeid (arbeidsplassen er den beste integreringsarenaen) og friviljug arbeid (bruk idrettslag og andre friviljuge organisasjonar i integreringsarbeidet), seier Ragnhild Aasvang.
Fant du det du lette etter?
Hva forsøkte du å finne?