MinNyeKommune.no er lansert

I dag vart MinNyeKommune.no lansert. Dette er ein nettstad der du som bor i kommunane Gjesdal, Hå, Klepp, Randaberg, Sandnes, Sola, Stavanger og Time kan fylgje prosessen med kommunereformen.

Innhold

    På denne nye nettstaden blir det lagt fram nyhende rundt framtidige løysingar og alternativ, saman med ein alltid oppdatert framdriftsplan.

    Som innbyggar vil du her kunne finne arenaer og svar på spørsmåla dine, samt kome med synspunkt der du ynskjer det.

    - Nettstaden er ein del av eit samarbeid mellom dei åtte kommunane i prosjekt for innbyggarinvolvering, som er knytta opp mot utgreiinga av kommunereformen, seier Tone M. Haugen, kommunikasjonssjef i Randaberg kommune.

    Det er Jærrådet som har ansvar for prosessen på vegne av desse kommunane.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?