Kommunesamanslåing må ikkje bli ei bokmålsreform

I ei fråsegn frå årsmøtet i Rogaland Mållag krev mållaget at språk blir ein viktig del av premissane i diskusjonen om kommunesamanslåing. Viss ikkje, kan nynorsken og nynorsk kultur koma svekka ut.

Innhold

    Fråsegna frå årsmøtet 7. mars lyder slik:

    "Regjeringa har som mål at kommunane skal bli færre og større. Etter kommunesamanslåingane på 60-talet vart andelen nynorskkommunar sterkt redusert. Dersom det same skjer igjen, vil det føra til mindre nynorsk i offentleg forvalting og dermed svekka nynorsk skriftkultur. Det vil gjelda både i kommunane og på fylkes- og riksnivå, slik mållova er i dag.

    Regjeringa har varsla endringar i mållova. Rogaland Mållag krev at ein innfører tospråklege kommunar i staden for språknøytrale. Den tospråklege kommunen skal ha ein plan for å sikra dei språklege rettane til alle i kommunen, og særleg dei som er i mindretal.

    Eventuell kommunesamanslåing vil føra til fleire språkdelte kommunar. Det er då viktig å sikra nynorskelevane sine rettar. Rogaland Mållag krev at elevane får undervising på språket sitt gjennom heile grunnskulen. Språkdelte klassar i ungdomsskulen må utløysa større statleg finansiering".

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?