Kjell Reianes på Tungenes fyr

Torsdag 12. februar kl. 20.00 kan du oppleve musikaren Kjell Reianes på Tungenes fyr.

Innhold

    Kjell Reianes
    Født 27. mars 1950. Busett i Stavanger. Starta som musikar i "Pete and His Pets" i 1965. Arkitekt av yrke.
    Har utgjeve:
    "Aldri for seint" (2012).
    "Ringer i vatn" (2015)

    Kjell Reianes er arkitekten som har snekra låtar heile livet. I over 40 år lagde han hundrevis av låtar, som han heldt godt gøymt for ålmenta. Reianes skriv reflekterte tekstar frå eit levd liv.

    Hausten 2011 debuterte han, i ein alder av 61, med sitt første album ("Aldri for seint"). 31. januar 2015 kom album nr. to, "Ringer i Vatn".

    "Torsdag på Tungenes"
    Torsdag 12. februar har Kjell Reianes konsert på Tungenes fyr, i serien "Torsdag på Tungenes". Denne kvelden har han med seg Camilla Maria Myrås, kor og piano, og Magnus Røs Haugland, bass.

    Dørene opnar kl 19.30. Servering.

    Billettar kjøper du på www.billettportalen.no eller på servicetorget, kommunehuset.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?