Jamt sig til stemmelokalet

- Det har vore eit jamt sig til stemmelokalet i Randaberghallen, både søndag og so langt mandag, fortel Tore Barka Helvig, leiar av stemmestyret i Randaberg kommune.

Innhold

    Førehandsrøysting
    1033 deltok i førehandsrøystinga frå 10.8. til 11.9. Dette er lågare enn ved stortingsvalet i 2013 (1502), men høgare enn kommunevalet for fire år sidan (993).

    Søndag røysta 978, på den første av to valdager i Randaberghallen.

    Opningstida søndag var frå kl. 16 til 21. Mandag opna dørene kl. 9 om morgonen, og stenger ikkje før kl. 21 om kvelden.

    - Det går stille og roleg føre seg, også fordi vi har dyktige valmedarbeidarar som ikkje er redd for å ta i eit tak der det trengst, seier Tore Barka Helvig.

    - Det største rushet av innbyggarar som skal røyste kjem ikkje før etter kl. 15 i dag. Vi bruker også å ha ein liten kø-topp rett før lokala stenger kl. 21.

    Nytt i år er det at politikarar som står på liste ikkje kan delta under avvikling av valet. Det er difor henta inn fleire friviljuge enn tidlegare.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?