Innvandrerkvinnene svømmer vidare

I mars i år starta 25 innvandrerkvinner på svømmetrening i bassenget ved Grødem skule. No får 12 av dei svømmeglade kvinnene tilbod om svømmetrening kvar fredag i Randaberghallen.

Innhold

    - Ingen hadde erfaring med svømming frå før, og nokre av dei hadde aldri vore i vatn før. No kan fleire av dei både svømme og flyte på rygg, opplyser Mary Høvring, friviljug frå nettverket "Kvinner møter Kvinner" i Randaberg.

    Svømmetreninga for innvandrerkvinnene i bygda starta opp etter eit samarbeid mellom Randaberg kommune og nettverket "Kvinner møter kvinner". Målet var ganske greit: å lære innvandrerkvinnene å svømme.

    - Ingen grenser
    No har 12 av innvandrerkvinnene tatt steget over til Randaberghallen, der dei kan trene vidare i basseng kvar einaste fredag. Treningstimen kom i stand etter at Randaberghallen fant ledig treningstid, samstundes med at Randaberg helselag gjekk inn som sponsor ved å betale inngangspengane for deltakarane.

    - Svømmetrening er sosialt, og det er eit godt samhald med mykje latter og glede. Mange av dei same damene har også lært å sykle det siste halvåret, så no ser dei ingen grenser for kva som er mogeleg heretter, avsluttar Mary Høvring.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?