Gravearbeid stenger vatnet

Mandag 31. august frå kl. 9 blir vatnet stengt på delar av Sande og Tunge.

Innhold

    Kart Tungenesveien- Vi kjem til å stenge av vatnet på strekninga frå krysset ved Randaberggeilen til Tungevågen (sjå større kart her), opplyser Øyvind Sunde, fagansvarleg for vatn og avløp i Randaberg kommune.

    Bakgrunnen for stenginga er utskifting av delar av vatnleidninga.

    Det er varsla at vatnet vil vere borte frå springane fram til kl. 15 denne dagen, men arbeidet vil truleg ta noko kortare tid.

    - I utgangspunktet er dette ein kurant jobb, som normalt ikkje tar meir enn to-tre timar å gjere ferdig, men det er vanskeleg å vite kva som møter oss når vi skal grave i jorda. Vi har difor sett tidsramma til seks timar, seier Øyvind Sunde.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?