Første spadetaka for ny skule og kulturscene

Onsdag tok kommunalminister Jan Tore Sanner og ordførar Bjørn Kahrs dei første spadetaka for ny Harestad skule og kulturscene.

Innhold

    Ein populær kommunalminister,  Jan Tore SannerOmkransa av 5-600 elevar frå Harestad skule - frå 1. til 7. trinnet - vart ministeren og ordføraren hylla som popstjerner under seremonien for ny skule og kulturscene.

    Med kvar sin gullspade tok kommunal- og moderniseringsministeren og ordføraren onsdag dei første spadetaka. Mandag i neste veke startar entreprenøren graving på tomta. Etter planen skal første byggesteget til ny skule og kulturscene stå ferdig i 2017.



    - Ein merkedag

    - Dette er ein merkedag for oss, og noko vi har sett fram til lenge, seier rektor Petter Hagen. - Ikkje minst unnar eg alle dyktige tilsette at vi om litt får kome i splitter nye og moderne lokaler.

    Skisse ny skule og kultursceneHarestad skule er allereie i dag ein av Rogaland sine største grunnskuler med sine 702 elevar. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Den nye skulen, inklusiv kultuscenen, skal byggast i to byggetrinn og vil koste omlag 250 millionar kroner. Sjå større illustrasjon av den nye skulen og kulturscena her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?