Ein sommar full av aktivitetar

106 ungdomar har i sommar delteke på ein eller fleire ferieaktivitetar i regi av Randaberg kommune.

Innhold

    Sommerferieaktivitetane vart avslutta torsdag i denne veka. I løpet av fire hektiske veker har ungdom frå 10 år og oppover hatt tilbod om ni ulike aktivitetar.

    Ferieaktivitetane blir arrangert i samarbeid mellom Kultur/Fritid og Helse og oppvekst  i kommunen.

    - Dei meir enn 100 ungdomane som har delteke, har i snitt delteke på to aktivitetar kvar. Det har vore flest jenter innom aktivitetane denne sommaren, totalt 60 jenter og 46 gutar, opplyser Torgeir Nes frå fritidsavdelinga i kommunen.

    Oversikt over deltakarar på dei ulike aktivitetane:

    Aktivitet Deltakarar
    Trial
    9
    Tennis 26
    Vistnestunet, gr. 1 14
    Vistnestunet, gr. 2 11
    Vistnestunet, gr. 3 10
    Hiphop
    16
    Bowling 30
    Musikk 4
    Riding 33
    Kanotur 22
    Film 8

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?