1,2 milliardar kroner til fordeling

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,2 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2015. Dette er det mange som ikkje kjenner til.

Innhold

    Erfaring frå tidligare år viser at det er mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette gjeld lag og organisasjoner som er tilknytta både frivillige organisasjoner eller som er enkeltståande, til dømes organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.

    Lotteri- og stiftelsestilsynet ynskjer å nå ut til alle desse.

    Du kan lese meir om regelverket for momskompensasjon på nettsidene: www.momskompensasjon.no. Her finn du også søknadsskjema. Dersom du lurer på noko, ta kontakt per e-post: postmottak@lottstift.no, eller telefon 57 82 80 00.

    Frist for å søke til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2015.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?