- Vi gler oss!

Større fagmiljø og fleire personar å spele på lag med, er noko av det dei tidlegare barnevernleiarane, Jorunn Seglem Asbjørnsen i Rennesøy og Ingelill Bjerga i Finnøy, trekker fram som fordelar i barnevernsamarbeidet med Randaberg kommune.

Innhold

    I samarbeidet har Rennesøy med seg totalt fire sakshandsamarar, alle i 100 prosent stilling, samt ein merkantil ressurs i 60 prosent stilling - som blir auka til 100 prosent når ein fysisk flyttar over til Randaberg. Finnøy har med seg fire personar i samarbeidet; to miljøarbeidarar, i 60 prosent stilling kvar, pluss to sakshandsamarar, kvar i 100 prosent stilling.

    Jorunn Serglem Asbjørnsen (t.v.) og Ingelill Bjerga

    Korleis ser dykk på samarbeidet?
    - Eg gler meg veldig. Å arbeide i eit fagmiljø som du har i Rennesøy, blir litt for lite og blir litt for sårbart. Eg gler meg difor til å få eit større fagmiljø, seier Jorunn Seglem Asbjørnsen. - Det er vanskelege og kompliserte ting vi arbeider med, då kan det vere greit å ha fleire å spele på lag med.

    - Sårbart
    - Det er akkurat det same for meg, det blir svært sårbart når vi er få. Det er godt å ha fleire å drøfte saker med, seier Ingelill Bjerga. - Å bo og jobbe for nært dei du skal bistå og hjelpe i barnevernet, kan vere uheldig. I tillegg vil mindre arbeidsplassar vere sårbar ved til dømes sjukmeldinger, eller hvis det er noko som dukker opp utover det normale. Det er difor greit å kunne støtte seg til fleire på eit kontor.

    - Ikkje minst vil rettstryggleiken bli betre ivaretatt for dei klientane det gjeld, i tillegg til vår eigen rettstryggleik, supplerer Jorunn.

    Jone SkjelbredTilsette i Randaberg kommune
    - Samarbeidet inneber at Randaberg kommune har overtatt ansvar for drift av barnevernet i Rennesøy og Finnøy kommune frå 1. januar 2015, opplyser Jone Skjelbred, barnevernleiar i Randaberg (biletet til høgre).

    - Alle tilsette i barnevernet i dei to kommunane har fått tilbod om tilsetting i Randaberg kommune, på same vilkår som dei hadde i sine tidlegare kommunar.

    - Spanande tider
    Tilsette frå dei to nabokommunane vil først flytte til Randaberg 1. februar. Då skal nokre av dei sitte på kommunehuset, i Politiet sine tidlegare lokaler, medan andre får kontorplass i barnevernet sine lokaler i Torvmyrveien 4.

    Først når bygginga av ein etasje nr. to i Randaberg Arena er ferdig seinare i år, vil alle barneverntilsette kunne sitte under same tak.

    - Mange er sjølvsagt spente på korleis den nye kvardagen blir. Vi veit kva vi har i dag, medan vi er meir usikre på kva dagen i morgon vil bringe. Det er klart det er uvisse blant dei tilsette ved denne endringa. Men dei fleste gler seg til å kome igang i det nye fellesskapet, seier begge i kor.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?