- Vi gleder oss!

Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Miljøpartiet dei Grøne er samd om ein felles avtale som gjer at det blir skifte av den politiske leiinga i Randaberg.

Innhold

    Thor Geir Harestad V (f.v.), Kristine Enger Ap, Gunhild Vårvik Tangeland KrF og Alexander Rûgert-Raustein MdG.Onsdag var det kalla inn til presse-konferanse, der den nye ordføraren, Kristine Enger (Ap), saman med leiarar frå dei andre partia, la fram avtalen dei er samde om.

    Biletet over: Sentrale aktørar etter presentasjonen av avtalen, f.v. Thor Geir Harestad (V), Kristine Enger, ny ordførar (Ap), Gunhild Vårvik Tangeland, ny varaordførar (KrF) og Alexander Rûgert-Raustein (MdG).

    Avtalen

    Ordførar: Kristine Enger (Ap)
    Varaordførar: Gunhild Vårvik Tangeland (KrF)
    Kommuneplanutvalet: Øystein Stjern (KrF), leiar. Kristine Enger (Ap), nestleiar
    Hovedutval for oppvekst og levekår: Gunnar Hiim (Ap), leiar. Ellinor Larsen (KrF), nestleiar
    Hovedutval for nærmiljø og kultur: Gunhild Vårvik Tangeland (KrF), leiar. Amela Sandanger (Ap), nestleiar

    Øvrige plassar i dei ulike råd og utvala vil ikkje kome på plass før ved konstitueringa av nytt kommunestyre, torsdag 15. oktober kl. 16.

    Formannskapet aukar
    - Ein sentral del i denne avtalen er at vi kjem til å utvide formannskapet, frå 7 til 9 plassar. Dette heng nøye saman med at kommunestyret blir utvida frå 25 til 27 representantar på grunn av auka folketal i kommunen, sa Kristine Enger under pressekonferansen.

    - I det nye formannskapet vil Venstre få fast plass, med MdG på varaplass for Venstre. Samstundes vil Miljøpartiet dei Grøne få fast plass i Kommuneplanutvalet, her med Venstre på varaplass.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?