- Unngå å mat endene om våren

- Svaner og ender klarer seg stort sett utan vår hjelp. Dersom du legg ut for mykje mat, hamnar den gjerne som rottemat, seier Kristin Sinnes, avdelingsleiar i Teknisk drift i Randaberg kommune.

Innhold

    Rotte i Harestadmyra-Vi var på tur i myra sist søndag, og traff der på ei rotte som bor under nokre steinar ved den eine brua ved Svaletjørna i Harestadmyra naturpark, seier Thor Bjarte Tangeland, som har tatt bileta her.

    -  På det eine biletet som eg tok, sym rotta ut i vatnet for å hente brød folk har kasta til endene.

    - Fôring høyrer vinteren til
    - Å gje mat til vatnfuglane, svaner og ender, høyrer vinteren til, om våren er dette ikkje naudsynt, seier Kristin Sinnes.

    - Dersom ikkje fuglane kjem med ein gong når du prøver å gje dei mat, så er dei heller ikkje svoltne. Kast då maten i næraste søppeldunk, slik at den ikkje blir tilgjengeleg for rottene.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?