Vitenvågen

I det maritime vitensenteret "Vitenvågen" i Tungevågen skal rundt 2 000 kvadratmeter fyllast med interaktive utstillinger om havbruk, maritim industri og Kystverket si historie og verksemd i dag.

Innhold

    TungevågenHausten 2012 vart reguleringsplanen for Maritimt vitensenter vedtatt av kommunestyret i Randaberg, og i 2013 kjøpte kommunen eigedomen i Tungevågen (biletet til høgre) til formålet. Planen regulerer delar av neset til kultur- og museumsformål.

    Å bygge eit maritimt vitensenter er ressurskrevjande. Ein er avhengig av velvilje både frå stat, fylke, kommune og det private næringslivet for å få gjennomført desse planane.

    Framdriftsplan
    2014–2015: Arkitektkonkurranse. Randaberg kommune har satt av midler til konkurransen, men medfinansiering er ein føresetnad for gjennomføring.
    2014–2015: Utarbeiding og gjennomføring av finansieringsplan.
    2015–2016: Skisse- og forprosjekt.
    2017: Byggestart.

    Visjonen
    Vitenvågen: Utsikt – innsikt – oppsikt.
    Med utsikt mot havet gjev Vitenvågen innsikt i livet langs kysten med formidling som vekker oppsikt.

    Vitenvågen skal skape opplevingar og formidle kunnskap om:
    • Korleis dei rike havressursane og kystbefolkninga har skapt det moderne Noreg.
    • Korleis den vêrharde norskekysten har utvikla seg til å bli ein av dei sikraste sjøstrekningane i verda.
    • Korleis havbruk og maritim industri skaper nye verdiar for framtida.

    Vitenvågen skal innehalde utstillingslokale (1 100 kvadratmeter), publikumsmottak med garderobe og toalett, kafé og kjøkken, butikk, auditorium (150 kvadratmeter), undervisningsrom (100 kvadratmeter), gruppe- og møterom.

    I tillegg blir her kontorlokale for ti personar, garderobe og toalett for personalet, verkstad, lager og diverse tekniske rom.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?