Treng damesyklar

Har du ein godt brukt damesykkel til overs? Kommunen treng syklar til sykkelkurs for innvandrarkvinner.

Innhold

    - I denne veka hadde vi opent hus på Utstyrslageret i kommunen. Mange kom innom for å hente seg klede og utstyr. Så kjem det ei dame bort til oss og seier at ho har ein draum; ho drøymer om å kunne sykle, seier initiativtakarane Bente Monica Reilstad og Irene Vika Jaatun om bakgrunnen for at dei har starta innsamling av damesyklar.

    Dei treng 10 godt brukte damesyklar
    - Vi har allereie åtte damer som vil vere med på sykkelkurset. Vi vil difor ha kontakt med innbyggarar eller andre som har godt brukte syklar ståande, og kunne tenke seg å gi dei bort, seier dei to initiativrike damene.

    Ein draum
    For å oppfylle nokon sin draum kan du kontakte Irene Vika Jaatun , Fritid, (tlf. 957 65 452, eller e-post: irene.vika.jaatun@randaberg.kommune.no) eller Bente Monica Reilstad, Helse og oppvekst, (tlf. 928 20 150, e-post: bente.monica.reilstad@randaberg.kommune.no).

    - Til tidlegare vi kan få syklane i hus, til tidlegare kan sykkelkurset for innvandrarkvinnene starte, seier dei i kor.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?