Tønes og Bjella i friluft på fyret

Søndag 24. august kl. 18 står Tønes og Stein Torleif Bjella på scena i fjæra ved Tungenes fyr.

Innhold

    Program for dagen:

    Kl. 17.30: Anne Furubotn
    Kl. 18.00: Stein Torleif Bjella
    Kl. 19.15: Tønes

    Dette er tredje gong Jærmuseet og Randaberg kommune arrangerer ein stor utandørskonsert ved Tungenes fyr. I 2008 var Bjørn Eidsvåg trekkplasteret, medan Vamp heldt konsert i havgapet på Tunge i 2012. Begge gongane fant rundt 2 500 mennesker vegen til fyret for å nyte både musikk og utsikt.

    Tønes er Frank Tønnesen frå Hauge i Dalane. Sidan albumdebuten i 1996 har han vore ein kultartist i Rogaland. Med «Sån av Salve» fra 2012 vart han eit nasjonalt fenomen. Tønes har ei særeiga obeservasjonsevne, og klarer å skildre både kvardagen og mellommenneskelege tilhøve med varme og humor. Kvardagsfilosofien blir tonesett av treffsikre melodiar.

    Stein Torleif Bjella frå Ål i Hallingdal debuterte med «Heidersmenn» i 2009. Bjella vart allemannseige to år seinare med «Vonde visu». I fjor fulgte han opp med kritiker- og salgssuksessen «Heim for å døy». «Bjellas uttrykk er seriøs visekunst, men med tekster som godt kan fungere på et karikaturnivå: de har ofte noe Bukowski-aktig over seg i sin grovhogde mannsrolleretorikk og stolte evne til å gjøre talende detaljobservasjoner til slående énlinjere.» (Sven Ove Bakke, Dagbladet).

    Bjella og Tønes har ei rekke fellestrekk som artistar, og saman gjev dei ei utfyllande skildring av den einsame mannen i utkant-Noreg.

    Det er Jærmuseet og Randaberg kommune som arrangerer konserten. Den inngår i programmet for On the Edge 2014, som er ei vidareføring av kulturhovudstadsprosjektet med same namn, og som er eit samarbeid om kunst og kulturformidling på sju fyr.

    Les meir om konserten her. Kjøp billettar her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?