Temakveld med Håvard Tjora

I samband med "Verdsdagen for psykisk helse", blir foreldre invitert til temakveld om "Den unike eleven - ditt barn" med Håvard Tjora. Foredraget er torsdag 16. oktober kl. 18-20 på Randaberg vidaregåande skule.

Innhold

    Håvard Tjora vil snakke om korleis foreldre, elevar og lærarar har innverknad på kvarandre i ulike samanhenger. Stikkorda er meistring og sjølvtillit, samt å hente fram dei ubrukte ressursane i seg sjølv.

    Håvard Tjora vart kjend for heile Noreg gjennom dokumentarserien "Blanke ark" på TVNorge. Han er utdanna lærar. Håvard Tjora vart nyleg tildelt "Jonasprisen" for sin innsats for å skape eit meir inkluderande samfunn for barn og unge som slit i skulen. Han er også spaltist i Dagbladet, og har gjeve ut bøker knytta til skule.

    Det er gratis inngang og enkel servering.

    Arrangør er Randaberg kommune, Randaberg vidaregåande skule og Mental Helse Ungdom: Stavangerregionen.

    Sjå plakat for temadagen her.

    "Verdsdagen for psykisk helse" er ei årleg markering over heile verda den 10. oktober. Tema i år er: “Sjå kvarandre - senk skuldrene”. Les meir om verdsdagen her: http://www.verdensdagen.no.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?