Stopp digital mobbing!

I det siste møtet i barn og unge sitt kommunestyre (BUK), mante SLT-koordinator Hilde Karin Hebnes og skulesjef Jenny E. Nilssen til kamp mot digital mobbing og mobbing i skulen.

Innhold

    Hilde Karin HebnesHilde Karin Hebnes (biletet til høgre) la fram saken i BUK-møtet torsdag, etter at  det har vore avdekka omfattande digital mobbing i Rennesøy, via nettstaden ask.fm.

    Ask.fm dukka første gong opp etter at rektor ved Rennesøy skule, Hege Wilhelmsen Kaada, skreiv eit innlegg om nettmobbing på skulen si eiga nettside.

    Ask.fm er tilgjengeleg på 31 språk, også norsk, og baserer seg på at brukarane stiller spørsmål anonymt til kvarandre. Nettstaden er registrert i Latvia, og har omlag 52 millionar registrerte brukarar.

    Er det nettmobbing i Randaberg?
    All den negative bruken som er registrert via denne nettstaden, uroar både SLT-koordinator Hilde Karin Hebnes og skulesjef Jenny E. Nilssen. I BUK-møtet torsdag ynskte dei difor å vite meir om kva ungdommen i Randaberg tenker om digital mobbing. BUK-medlemmene vart stilt fylgjande spørsmål:

    • Kjenner du igjen situasjonen frå Rennesøy når det gjeld ask.fm?
    • Kor mykje mobbing trur du det er på skulen der du går?
    • Er det meir mobbing på sosiale medier enn ansikt til ansikt?
    • Vil du ha meir fokus på å forebygge og stanse mobbing?
    • Har du forslag til forebyggande tiltak?
    • Kva kan elevar gjere dersom dei blir mobba sjølv, eller kjenner til at andre blir mobba?
    • Kva kan vi voksne (skulen, heime, kommunen) gjere for å stoppe mobbing?
    • Kva kan dei psykiske og juridiske konsekvansene av mobbing vere?

    Medlemmene i BUK skulle ta med seg desse spørsmåla til elevråda i skulane i kommunen, og kome med tilbakemelding i det neste BUK-møtet på nyåret.

    Eigen mobbe-app
    I tillegg ynskjer dei å vite meir om korleis BUK kan vere ein aktiv deltakar for å forebygge mobbing blant elevar i kommunen.

    I denne samanahengen viste Hilde Karin Hebnes til gratis-appen "Stopp mobbing i skolen", som gjev gode praktisk råd og informasjon om korleis du kan handtere mobbing. Fleire fagfolk rosar appen, som Aftenbladet lanserte i mars i fjor, og som du kan laste ned frå App Store (Iphone) og Google Play (Android).

    SLT (Samordning av Lokale kriminalitetsforebyggende Tiltak) er ein samordningsmodell for lokale, forebyggande tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrer at dei ressursane som allereie er i kommunen og i politiet, blir meir samkøyrde og målretta.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?