Sommarrebus "Grønn tur"

Bli med og finn seks turmål i Randaberg.

Innhold

    Grøn stolpe Grøn turI år er det andre gong Randaberg kommune inviterer til å finne seks turmål rundt om i vakre Randaberg.

    Turmåla er lagt opp som ein rebus, der du skal finne ein bokstav på kvart mål; kvit bokstav på grøn botn (sjå biletet til høgre). Til saman skal dette bli eit løysingsord på seks bokstavar.

    - Løysingsordet har tilknytning til folkehelse og aktivitet, seier folkehelsekoordinator Grete Lind, som poengterar at "Grønn tur" er eit tilbod for alle til å kome seg ut i friluft for å styrke folkehelsa.

    Lett tilgjengelege turmål
    Alle turmåla skal vere relativt lett tilgjengelege, også for personar som er rørslehemma - eller som har med barnevogn.

    - Du treng ikkje GPS for å finne turmåla, men koordinatane gjer det lettare å finne fram. Mange telefonar har i tillegg GPS installert, seier Grete Lind.

    Stikkorda i oppgåvene kan også gje hjelp til å kome på sporet av dei seks bokstavane.

    Nyt naturen undervegs
    Du kan besøke eit eller flere av turmåla på ein og same dag. Kombinèr gjerne turen med å oppleve naturen, og sjå kor rik den er på ulike plantar, dyr, blomer og insekter.

    Det blir fine premier til dei som blir trukke ut som vinnarar.

    Send inn løysinga
    Når du har løysingsordet klart, og har fyllt ut namn og adresse, kan du sende folderen eller kun løysingsordet til Randaberg kommune, enten som brev eller via e-post. For å vere med i trekninga av premier, må løysingsordet leverast ikkje seinare enn 31. august 2014.

    Brosjyren "Grønn tur" kan du enten laste ned her, eller hente ferdig trykt på servicetorget på kommunehuset.

    God tur og nyt naturen i Randaberg!

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?