Presentasjon ny Harestad skule

I den politiske runden i denne veka har skuleadministrasjonen vist fram 3D-visning av forprosjektet til ny Harestad skule.

Innhold

    Kart plassering ny Harestad skuleDen nye skulen skal plasserast på nabotomta til Randaberg Arena (sjå kart til høgre).

    Skulen skal i første omgang byggast ut med plass for 500 elevar.

    - Vi er enno i ein prosess der vi skal vurdere kva som skal ligge inne i prosjektet. Fram til påske har arkitektane arbeida tett på brukarane og vi er svært godt nøgd so langt, seier rådgjevar Odin Nøsen på skulekontoret.

    Forprosjektet skal vere ferdig til sommaren. Deretter blir det anbodsrundar, før ein kan sette første spadestikk i jorda på tomta ved Torvmyrvegen.

    Første byggetrinn er planlagt skal stå ferdig hausten 2018.

    Sjå presentasjonen her (beste visning via kameravisning "Projektor").

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?