Opningsfest for svømmehallen

Det var stor festivitas laurdag under nyopninga av svømmearenaen i Randaberghallen.

Innhold

    Ordførar Bjørn Kahrs opnar svømmehallenOrdfører Bjørn Khars stod for den offisielle opninga, ganske nøyaktig to år etter at renoverings-arbeidet tok til.

    - Arbeidet med å rehabilitere svømmehallen har blitt ein del dyrare enn opprinneleg budsjettert. Men ettersom hallen er so viktig for den grøne landsbyen, har kommunestyret løyvd dei naudsynte midlane for å få arbeidet ferdig. Fysisk aktivitet og svømming er sunt, so slik sett er dette ei viktig investering og eit godt bidrag til ei betre folkehelse. Ofte er det billegare å forebygge enn å reparere, sa ordførar Bjørn Kahrs under opninga.

    Mykje er gjort
    Sommaren 2012 vart svømmebassenget tappa for vatn og rehabiliteringsarbeidet starta. Det er blant anna blitt lagt nytt dekk og fliser på golvet i hallen, kome nye ytterveggar for betre isolasjon og redusert energibruk, installert nytt anlegg for betre vatnkvalitet og nytt elektrisk anlegg og lys, kome nytt brannalarmanlegg, nytt luftanlegg, nye sanitær- og varmeanlegg, nytt tak, nye trapper og rekkverk til stupetårn, nye startpaller og nytt billettsystem.

    Les heile talen til ordføraren her.

    Her kan du sjå bilete frå opningsfesten:
    Flickr

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?