On the Edge 2014 - forlis

Programmet for On The Edge 2014 blir no lansert.

Innhold

    I 2008 presenterte seks fyr i Rogaland kunst på fyr som eit program i Stavanger 2008. Det vart då sett søkelys på ny bruk av fyranlegga i Rogaland. Prosjektet fekk namnet «On the Edge»; fyra som fysisk ligg på ein kant mot hav.

    Fyra i On the Edge-samarbeidet er (frå sør til nord): Eigerøy, Kvassheim, Obrestad, Feistein, Tungenes, Kvitsøy og Utsira fyr.

    Tema 2014: "Forlis"
    Programmet i år har fellestemaet «FORLIS». Kvar av dei seks fyra vil fortelle om ei av dei dramatiske hendingane som har skjedd utanfor sin kyst.

    På Tungenes har utstillinga fått namnet "Europa (1944) 2. verdenskrig", og omhandlar blant anna skjebnen til Stavanger-skipet D/S «Vestri», som 4. desember 1941 vart bomba av engelske fly etter at det hadde runda Tungenes.

    Utstillingsopning på Tungenes fyr er søndag 22. juni kl. 13.

    On the Edge-programmet 2014 kan du lese her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?