Oljefri kommune

I Randaberg kommune er det 185 nedgravde oljetankar. Mandag opna kampanjen "Oljefri Nord-Jæren" på torget i Randaberg sentrum.

Innhold

    - Målet med kampanjen er å mellom anna å få nedgravde oljetankar opp, slik at dei ikkje lenger er kjelde til forureining, seier rådgjevar Jan-Kåre Ruud i Randaberg kommune.

    Oljefri Nord-Jæren vart lansert i Stavanger, Sandnes og Randaberg vinteren 2014. I tillegg til dei tre kommunane samarbeider Oljefri Nord-Jæren med Rogaland Fylkeskommune, Framtidens byer v/ kommunal- og moderniseringsdepartementet, Lyse og Brannvesenet Sør-Rogaland v/ Feiervesenet.

    Les meir om Oljefri Nord-Jæren her.

    Oljetank på turné
    Ein av samarbeidspartnarane, Henriksen Oljetransport as, bidrar til at ein gammal oljetank markerer opninga av oljefri-kampanjen på Nord-Jæren. Mandag 28. april var tanken i Randaberg, og her kan du sjå musikar og komponist Eddi Andresen utfalde seg på den:

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?