Ny, felles formannskapssamling

Onsdag 19. februar er det ny felles formannskapssamling for kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg.

Innhold

    Formannskapa i dei fire kommunane har tidlegare møtst fire gongar sidan 2012. På dei tidlegare samlingane har det vore arbeidd med å få fram ein felles bustadstrategi for storbyområdet på Nord-Jæren.

    Jan Tore Sanner (t.v.) og Harald Danielsen.Hovudtema denne gong er kommune-reformen; "Kva, kvifor og korleis?" I møtet vil kommunal-minister Jan Tore Sanner (biletet til høgre) delta for å orientere om den komande reformen. Leiar i sentralt rådmannsutval, Harald Danielsen (biletet over), er invitert for å snakke om temaet "Kommunen sine oppgåver i framtida".

    Andre inviterte til samlinga er ordførarane i Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Rennesøy, Kvitsøy og Finnøy kommune.

    Tid og stad: Onsdag 19. februar kl. 18-20 i Vitenfabrikken, Sandnes.

    Program:
    18.00-18.05: Velkomen v/ordførar Stanley Wirak, Sandnes.
    18.05-18.35: Ny kommunereform – Kva, kvifor og korleis? v/kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
    18.35-19.00: Kommunane sine oppgåver i framtida v/leiar for sentralt rådmannsutval, Harald Danielsen, saman med ordførarane Kahrs, Ueland, Wirak og Sagen Helgø.
    19.20-19.50: Ordskifte.
    19.50-20.00: Orientering – status oppfylgjing av oppgåvene i felles planstrategi (næringsareal, plan for Forus, bustadstrategi).
    20.00: Slutt.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?