Nominert til Draumestipendet 2014

Songaren Vanessa Gilje Børresen er Randaberg kommune sin kandidat til Draumestipendet 2014.

Innhold

    Draumestipendet består av 100 stipend à 10 000 kroner - til saman ein million kroner - og er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping.

    - Den store draumen
    Vanessa Gilje Børresen, som blir 17 år til somaren, har sunge i kor i seks år og delteke fleire gongar i Ungdommen si kulturmønstring (UKM).

    - Det å stå på scena og få synge, er noko av det kjekkaste eg gjer, skriv ho sjølv i presentasjonen på heimesida til Draumestipendet.

    - Den store draumen er å kunne leve av musikken og gje ut plate. Hvis eg hadde vore so heldig å bli tildelt Draumestipendet, hadde eg hatt utruleg lyst til å gå i eit proft studio og å gje ut ei plate.

    Ulike kategoriar
    Kvar kommune kan nominere ein person eller gruppe innanfor kvar av kategoriane dans, musikk, skapande skriving, teater, visuell kunst eller anna. Draumestipendet kan delast ut til kulturutøvarar født i 1994 eller seinare.

    I mars blir stipendjuryen samla for å velje ut hundre unge kulturutøvarar som i juni skal tildelast kvart sitt draumestipend på 10 000 kroner.

    Her kan du sjå og høyre Vanessa synge (Youtube).

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?