Mobil pleie

Telefonen som held styr på heimesjukepleien i Randaberg.

Innhold

    Wenche Lillemark, TietoHeimesjukepleien i Randaberg kommune har kjøpt inn 16 nye Windows-telefonar - og ny programvare "Lifecare Mobil Pleie" frå IT-selskapet Tieto - til bruk blant tilsette i heimesjukepleien.

    Biletet t.h.: Wenche Lillemark frå Tieto underviser i bruk av nye smarttelefonar. I høgre biletkant skimtar vi Marianne Solheim Sande, sjukepleiar i heimesjukepleien.

    Aukande informasjonsbehov
    "Lifecare Mobil Pleie" er eit moderne verkty som gjer heimesjukepleien i Randaberg betre i stand til handtere eit aukande behov for informasjon. Løysinga gjer det samstundes mogeleg å gje betre service ut mot brukarane av kommunen sine pleie- og omsorgstenester.

    - Heimesjukepleien har dei siste tre åra nytta smarttelefonar for å ha oversikt over dei innbyggarane dei skal gå til i løpet av vakta. No fornyar vi programvaren, slik at vi kan bruke Windows8-telefonar som er meir moderne enn dei vi har hatt, seier Berit Bergsholm Immerstein, rådgjevar i Helse og omsorg.

    I denne veka har det vore opplæring blant tilsette i bruk av den nye programvaren.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?