Kunstprosjekt i bunker

Kunstnar Hilde Mjølsnes, oppvaksen på Viste, og kunstnarkollega James Crombie frå Australia, skal denne helga sette opp ei kunstutstilling i tre ulike bunkerar på Viste.

Innhold

    Kart Litlesanden, Viste- Det har vore ein gammal idè å få nytte dei tre bunkerane frå andre verdskrigen, som ligg ved "Litlesanden" på Viste, til utstillingslokale. Dei er lett tilgjengelege for publikum, og vil skape ein spanande og atmosfærisk ramme i ein kunstsamanheng, seier Hilde Mjølsnes om prosjektet.

    (Sjå større kart her).

    Kunstverk laga på staden
    Utstillinga er samansett av måleri på papir og lerret og skulpturer/installasjonar. Samtlege kunstverk er blitt skapt på staden, og i nokre tilfeller inne i sjølve bunkerane.

    Kunstnaren James Crombie bor saman med familien sin på Viste, og han har også atelieret sitt der.

    - Kvar for oss har vi begge erfaring med utstilling frå inn- og utland, men det er første gong vi stiller ut saman, seier Hilde Mjølsnes.

    Utstillinga er gratis og vil henge oppe denne helga, frå fredag 23. til søndag 25. mai.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?