Kongens heider til Bertel Viste

Det var ein rørt Bertel Viste, snart 82 år, som tysdag kveld mottok Kongens fortjenstmedalje av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Innhold

    Omlag 50 peronar var møtt fram på Tungenes fyr for å hylle bonden frå Viste, som i meir enn 70 år har stått på torget i Stavanger sentrum. Første gong han stod på torget var i 1942, og då var Bertel knapt 10 år gammal.

    - Dette var tøft, og det er så vidt eg klarer å takle dette her, sa ein rørt Bertel Viste, etter å ha mottatt medaljen og diplomet av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. - At eg skulle få så mange gledestårer, saman med so mange kjekke folk, det hadde eg ikkje drøymt om ein gong.

    - Du er ein institusjon, sa Magnhild Meltveit Kleppa i sin tale til jubilanten. - Og du er ein terapeut, med all din menneskekunnskap og godvilje.

    Bertel og kona Kristine vil seinare bli invitert til mottaking på Slottet for å møte Kong Harald.

    Her kan du bilete frå mottakinga på Tungenes fyr (Flickr).

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?