Knyter band

Hospitant Natalia Lysak frå Russland har vitja Rogaland i to veker. 36-åringen er med i eit hospiteringsprogram, der russiske og norske leiarar og tilsette i kommuner, fylker og offentlege verksemder blir tilbode hospteringsopphald i Noreg og Russland.

Innhold

    Kart Nenetsk RusslandNatalia Lysak, frå Naryan-Mar i Russland (sjå større kart her), er ein av 14 russiske hospitantar som denne våren hospiterer i offentleg sektor i Noreg.

    Heime i Nenetsk-regionen, 1550 km nordaust for Moskva, er Natlia Lysak konsulent i regionen sitt internasjonale råd. Ho er gift og har to born i alderen 5 og 13 år.

    Tysdag 20. mai vitja ho Randaberg kommune.

    - Eg søkte hospiteringsopphald her er for å samanlikna Rogaland med min eigen region i Russland, og for å finne ut meir om det vi har til felles i dei to landa, seier Natalia Lysak.

    Hospiteringsprogram
    Kvart år sender KS sitt hospiteringsprogram 10 norske hospitantar til Russland for å hospitere i offentleg sektor, og kvart år kjem det 15 russiske offentlege tilsette til Noreg.

    Formålet med hospiteringa er å gje auka kunnskap om landet, forvaltninga, samfunnslivet, organisering samt eit innblikk i korleis menneska i dei ulike landa tenker. Utanriksdepartementet finansierer prosjektet.

    Hektiske dagar
    Gjennom 14 dagar har Nina fått nærare kjennskap til den offentlege sektoren i Rogaland. Sjølv har ho vore mest interessert i å vite meir om Rogaland som oljeregion, det internasjonale samarbeidet og om idrett og kultur i regionen.

    Hospiteringsopphaldet starta søndag 11. mai og skal vare til fredag 23. mai.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?