I, av og med naturen

Tredjeklasse-elevar i Randaberg lærer å sjå naturen sine former, linjer og fargar.

Innhold

    DKS-produksjon september 2014«I naturen, av naturen, med naturen» er namnet på Den Kulturelle Skulesekk (DKS)-produksjonen som teiknelærar Hanne Tobiassen (biletet til høgre) ved Randaberg kuturskule står ansvarleg for.

    Den lokale DKS-produksjonen blir tilbode elevar frå 3. klasse no i september.

    Land art
    - Målet er å få elevane til å sjå naturen sine former, linjer og fargar, og skape "land art" (landskapskunst) med naturmaterialer ute i naturen, seier Hanne Tobiassen

    Elevane får først kunnskap om "land art" gjennom bilete og informasjon i klasserommet. Etterpå går ein til staden der arbeidet blir utført. Elevane blir delt inn i grupper, sanker det dei treng og lagar det dei har bestemt seg for.

    - Etter endt arbeid presenterer kvar gruppe sitt verk for resten av klassa. Det blir også tatt bilete av arbeida, som blir gjeve til klassene i etterkant, seier Hanne Tobiassen.

    Her kan du sjå film frå land art-prosjektet:

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?