Giftige alger i Hålandsvatnet

Analyser av Hålandsvatnet viser at innhaldet av giftige blågrønalger allereie no er over grenseverdien for badevatn.

Innhold

    - Innhaldet av algetoksiner (Planktothrix-algen) er langt høgare enn grenseverdiane, og det er den same algen som har skapt problem dei siste åra i Hålandsvatnet, opplyser Åge Molværsmyr ved IRIS.

    I sist veke vart det tatt prøver litt ut frå land ved badeplassen i vest-enden, og analysen frå laboratoriet viser at det er store mengder med microcystin i vatnet, 34,8 µg/l.

    - Nivået er allereie vesentleg høgare enn grensa for badevatn, 10 µg/l. Når blågrønalgene produserer gift, kan det vere veldig farleg å få i seg store mengder, seier Åge Molversmyr.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?