Fly med oss!

TV 2 og Avinor har sendt opp eit helikopter for å filme det villaste og vakraste av fjell, fjord, by og land i Noreg. Tysdag 3. juni flyr TV2-helikopteret forbi Randaberg.

Innhold

    Helikopteret som blir nytta for å fly frå sør til nord i landet er spesialutrusta og fullasta med avansert teknologi for filming frå lufta. Heile reisa blir vist på TV2.no - Fly med oss -  og blir også filma med 360-kamera slik at du sjølv kan styre bileta i den retninga du vil sjå.

    Kvar dag fram til 5. juni kan du sjå Noreg frå lufta på tv2.no, med Arne Hjeltnes som reisefølge - før helikopteret parkerer.

    Kart Fly med ossTysdag 3. juni kl. 18.50 ca flyr TV2-helikopteret forbi Randaberg. 

    Då er det om å gjere å mobilisere!

    Flyplan tysdag 3. juni (strekninga Karmøy - Stavanger):
    17:30 Haugesund Lufthavn, Karmøy
    18:45 Skudeneshavn
    18:50 Randaberg (ca) (via Mosterøy)
    19:00 Stavanger
    19:20 Sandnes
    19:30 Stavanger Lufthavn, Sola

    Møt fram og vink!
    Vi oppmodar alle i Randaberg og omegn til å møte opp på Dynamittkaien ved Grødem skule, i god tid før helikopteret kjem, og vinke til helikopteret medan det passerer - slik at vi kan bli filma frå lufta. Sjå større kart her.

    Ta med sykkel, flagg, banner, naboen, bestemor og bestefar, onkel og tante, barn og barnebarn til Grødem denne kvelden - slik at vi får vist fram flest mogeleg Randabergbuer på TV-skjermen.

    PS: Opptaka tysdag blir vist dagen etter, onsdag frå kl. 10 - og seinare på kvelden onsdag i redigert opptak.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?