Fjellheim barnehage er 25 år

Fredag feira Fjellheim barnehage bursdag, 25 år etter at barnehagen opna dørene for første gong, 26. oktober 1989.

Innhold

    Anne Berit Grov og Lisebth Idsøe i Fjellheim barnehageTo-avdelings barnehagen på Nedre Grødem markerte bursdagen med felles musikksamling, ulike stasjonsaktivitetar, bursdagslunsj, pølser og bursdagskake.

    - Vi har eit stabilt personale. Faktisk har vi 170 års erfaring med barn i Fjellheim barnehage i dag. Ein av dei tilsette, Lisbeth Idsøe, har vore her sidan starten, for 25 år sidan, ein annan, Marit Skaaren Torland, har vore 24 år i barnehagen, seier styrar Anne Berit Grov, som sjølv har vore tilsett i barnehagen i 23 år. På biletet over held styrar Anne Berit Grov (t.v.) og Lisbeth Idsøe nøkkelen som vart overlevert under opninga av barnehagen for 25 år sidan.

    Sjå fleire bilete her (Flickr).

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?