Drømmestipendet 2014

Ungdom som driv med musikk, dans, skriving, teikning, teater eller andre kreative fag kan no bli kandidat til "Drømmestipend 2014".

Innhold

    Drømmestipendet er eit stipend som er utvikla i samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. 100 stipendmottakarar over heile landet vil ved ein seremoni bli overrakt 10 000 kroner til å utvikle faget sitt vidare. Kven som til slutt blir vald ut, blir avgjort av ein fagjury.

    Dersom du ynskjer å bli kandidat til "Drømmestipendet 2014", må du vere født i 1994 eller seinare og vere busett i Randaberg kommune.

    Har du spørsmål?
    Ta kontakt med Randaberg kulturskule ved rektor Sigrid J. Olsson, tlf. 51 41 31 38, eller e-post: kulturskolen@randaberg.kommune.no hvis du har spørsmål. Ein lokal jury, leia av rektor, vel ut kommunen sine kandidatar.

    Søknadsfrist
    Mandag 3. februar 2014 til Randaberg kulturskole v/rektor, postboks 40, 4096 Randaberg, eller e-post: kulturskolen@randaberg.kommune.no.

    Kva skal du skrive i søknaden?
    Skriv namn og kontaktinformasjon, når du er fødd og kva for fag/kulturaktivitet du driv med. Skriv også nokre linjer om kva som er "DRAUMEN" din framover, innanfor faget, og kva du ville ha nytta stipendet til. Fortel også litt om kva du elles driv med av aktivitetar på fritida.

    Fylgjande filer kan nyttast:
    Lydopptak: mp3, mp4, avi eller mov.
    Teikning/maleri: jpg, png eller bmp.
    Film: mp4, avi eller mov.
    Dokument med tekst: pdf.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?