Arkitektkonkurranse for Maritimt Vitensenter

Styringsgruppa for det maritime vitensenteret i Tungevågen inviterer no til ein open, internasjonal arkitektkonkurranse.

Innhold

    Kart TungevågenFrist for å sende inn forslag er 1. desember. Avgjerd og premiering er i februar 2015.

    «Norske arkitekters landsforbund (NAL) er sekretariat for konkurransen. Les meir her: http://www.arkitektur.no/ny-apen-arkitektkonkurranse.

    Konkurransefunksjonær og korrekt adresse for spørsmål om konkurransen og programmet er NAL sin konkurranseleiar, Per Rygh, (per@arkitektur.no).

    Reguleringsplanen for Maritimt Vitensenter, "Vitenvågen", vart vedtatt av kommunestyret i Randaberg hausten 2012. I 2013 kjøpte kommunen eigedomen i Tungevågen til formålet.

    Klikk for større kart.

    Randaberg kommune er byggherre for prosjektet, medan det faglege innhaldet blir ivaretatt av Jærmuseet.

    Tre hovudtema 
    Nærare 2 500 kvadratmeter skal fyllast med interaktive utstillingar om havbruk, maritim industri og Kystverket si historie og verksemd i dag. I tillegg skal "Vitenvågen" vere møteplass for konferansar, kulturarrangement og private tilstellingar.

    Visjonen for Vitenvågen er "Utsikt – innsikt – oppsikt: Med utsikt mot havet gir Vitenvågen innsikt i livet langs kysten med formidling som vekker oppsikt".

    Ei styringsgruppe med representantar frå Jærmuseet, Randaberg kommune, KystverketRogaland fylkeskommune, Blue Planet og Maritimt Forum skal leie arbeidet med Maritimt vitensenter framover.

    Les meir om konkurransen her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?