Arbeidsivrig ungdom

So langt i sommar har Småjobbsentralen i Randaberg registrert 28 arbeidslystne ungdomar og mottatt 19 ulike oppdrag.

Innhold

    - Fleire av desse oppdraga er for to personar, sysselsettinga er difor ganske god i år, opplyser Truls Clausen Waage, sjef for Småjobbsentralen.

    Typiske jobbar for sentralen denne sommaren har vore plenklipping, måling, luking og vatning, men ein har også hatt oppdrag som barnevakt og nedvask.

    - Vi freistar å ordne det slik at dei fleste får seg ein jobb, samstundes som vi matchar tidlegare erfaring og tilgang.

    Kun gode tilbakemeldingar
    Ungdomane som melder seg til oppdrag via Småjobbsentralen er mellom 13 og 18 år, og har med seg svært ulike erfaringar og kunnskap.

    - Vi har likevel kun fått gode tilbakemeldingar. Dei fleste gjer ein sopass god jobb at arbeidsgjevar avtaler vidare arbeid med ungdomane etter endt oppdrag, seier Truls Clausen Waage.

    - Felles for alle er at dei er ivrige arbeidarar. 

    Har du oppdrag?
    Småjobbsentralen er ope til og med torsdag 17. juli. Les meir om sentralen her dersom du har behov for litt hjelp i hagen eller andre stadar.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?