115 på Landsbykonferansen

115 deltok tysdag på den fjerde Landsbykonferansen i Randaberg, der deltakarane fekk høyre meir om regionen si største framtidsutfordring; «Olje og gass i Noreg sitt matfat».

Innhold

    Science Circus og JærmuseetKva betyr olje- og gassnæringa for våre store regionale utfordringar? og Korleis skal landbruk, bomiljø, næringsliv og industrien overleve og utvikle seg framover? var blant spørsmåla på konferansen.

    Biletet over: Målfrid Snørteland, Magne Hognestad og Ivar Reed Nakken frå Jærmuseet/Science Circus får presang av årets konferansier, Aslak Sira Myhre.

    Sjå fleire bilete frå konferansen her
    .

    Til å gje gode svar på regionen sine utfordringar, var det henta inn spanande foredragshaldarar, som professorane Per Fugelli (om Helsens kilder – i liv og samfunn) og Dag Jørund Lønning (Olja sprutar, byane veks, befolkninga eksploderer. Men kva med landbruk og matjord?). Vidare Tom Huuse frå GE Oil & Gas (Verdiskaping og teknologisk utvikling), Wenche Skorge frå Proactima (D") og Målfrid Snørteland frå Jærmuseet (Vitenvågen: Et vitensenter for havbruk, maritim industri og Kystverket). 

    Landsbykonferansen inneheldt også paneldebatt og musikalsk innslag ved Christina Ims og Thomas Tvedt. Dyktig konferansier var Aslak Sira Myhre, forfattar og debattant.

    Science Circus - Jærmuseet sitt omreisande vitensenter - deltok på Landsbykonferansen:

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?