Vi blir færre

Folketalet i Randaberg per 1. april 2013 er 10 367, ein nedgang på 30 personer sidan årsskiftet.

Innhold

    Sjølv om Randaberg får stadig færre innbyggarar, er vi ikkje aleine om å ha negativ vekst i folketalet. I alt åtte kommunar i Rogaland hadde minustal det siste kvartalet; Randaberg, Haugesund, Sokndal, Bjerkreim, Forsand, Hjelmeland, Sauda og Utsira.

    Alle nabokommunane våre hadde auke i folketalet det siste kvartalet:

    • Stavanger 129 585 (+ 394)
    • Sola 24 768 (+ 189)
    • Kvitsøy 536 (+ 8)
    • Rennesøy 3 465 (+ 32)
    • Finnøy 3 021 (+ 6)

    I landet auka folketalet med 12 400, til 5 063 700 i 1. kvartal 2013, og ein må attende til 1. kvartal i 2007 for å finne lågare folkevekst.

    Ifylgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) skuldast den låge veksten nedgang i nettoinnvandringa, i tillegg til at fødselsoverskottet òg gjekk ned samanlikna med 1. kvartal dei tre førre åra.

    Statistikken over folketalet i fylker og kommuner finn du her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?