Utstyrslager for barn og unge

Randaberg kommune har starta eit utstyrslager for barn og unge, som av ulike årsaker ikkje kan skaffe seg utstyr sjølv.

Innhold

    - Vi treng både pent brukt ulltøy, yttertøy og treningstøy/sko til fritidsaktivitetar, seier Irene Vika Jaatun i avdeling Fritid i Randaberg kommune, som saman med Hilde K. Hebnes og Bente Monica Reilstad i Barn og familie har starta opp den nye utstyrsordninga.

    Onsdag 23. oktober, mellom kl 17 - 19, kan du levere tøy og skor til Frivilligsentralen i Landsbyhuset - eller bruke ein av dei grøne konteinarane som er plassert ut i Randaberghallen og Randaberg Arena. 

    - Det er kostbart å kjøpe nytt tøy og skor når borna deltar i ulike aktivitetar, samstundes som borna veks seg større i løpet av ein sesong. Det er difor mange foreldre som kan dra seg nytte av vårt utstyrslager.

    - Gav meirsmak
    - I sommar tok vi turen innom Randaberg Arena for å sjekke mengda tøy som var lagt att etter treningsaktivitet. Mengda vi fant her, og responsen vi fekk i etterkant ved utdeling, gav meirsmak for å starte opp utstyrslageret, seier Irene Vika Jaatun.

    Dei startar no ei systematisk innsamling. 

    - Jobbsentralen vasker og sorterer tøyet og skorne før dei blir levert ut til dei som treng det mest. Jobbsentralen sine brukarar får difor naudsynt jobbtrening, og barn og unge i bygda kan få nytt, gratis tøy eller sko. Med andre ord ein vinn-vinn-situasjon, avsluttar Irene Vika Jaatun.  

    Har du spørsmål om ordninga, eller treng utstyr, kan du kontakte Irene Vika Jaatun på telefon 957 65 452.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?