Turvegar blir skilta

Randaberg kommune ynskjer å tilrettelegge for gode naturopplevingar for alle brukergrupper, og har difor skilta ulike turvegar i kommunen.

Innhold

    Førebels er det satt opp skilt i sentrum og naturparken i Harestadmyra, på Vistnestunet, langs turvegen frå Harestadvika til Dusavika, langs Hålandsvatnet og i Tungevågen.

    Skiltinga er ei vidareføring av kartlegginga "Grønn tur for alle" i Randaberg, og har som hovudmål å legge til rette for eit aktivt friluftsliv for alle. Målet er enkelt og greit å få folk ut på tur.

    - Skiltinga i Randaberg kommune fylgjer ein nasjonal standard for skilting og gradering, og vi har fått 185 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen og Rogaland fylkeskommune til dette skiltprosjektet, seier Grete Lind, folkehelsekoordinator i Randaberg kommune.

    Turløypene som er skilta inneheld både graderingsskilt, retningsskilt (pilskilt) og eigne informasjonstavlar. Alle turløypene skal etter planen vere ferdig skilta i løpet av september månad.

    Her får du oversikt over dei ulike løypene som er blitt skilta.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?